TYTEBÆRET

Tekst: Aa. O. Vinje
Melodi M. M. Ulfrstad

Tytebæret oppå tuva
voks utav ei liti von.
Skogen med si grøne huva
fostrar mang ein raudleitt son.

Ein gong seint om hausten lagde
liten svein til bær-skogs ut.
"Raudt eg lyser," bæret sagde,
"kom åt meg, du vesle-gut.

Her ifrå du må meg taka,
moge bær er utan ro;
Mal meg sundt, at du kan smaka
svaledrykken av mitt blod!

Mognar du, så vil du beda
just den same bøn som eg.
Mogen mann det mest må gleda,
burt for folk aa gjeva seg."